The limekiln at Hyllestad, Western Norway: Rebuilding a new, “historic” kiln for burning lime

Nokre av ovnsbyggjarane. Frå venstre: prosjektleiar Per Storemyr, Leif Akse, Terje Berner, Franziska Rüttimann, Jakob Solheim, Chris Pennock, Ann Meeks, George Murphy, Kjell Magnar Myklebust og Bjørn Idland.

Some of the limekiln-builders. From left to right: project leader Per Storemyr, Leif Akse, Terje Berner, Franziska Rüttimann, Jakob Solheim, Chris Pennock, Ann Meeks, George Murphy, Kjell Magnar Myklebust and Bjørn Idland.

Last year we built a limekiln at Millstone Park in Hyllestad, Western Norway, reported on this website. The kiln was built in a traditional fashion, following Roman and Medieval principles. Experimental archaeology! After one burn, which gave excellent quicklime, the kiln was, unfortunately, badly damaged. Cracks in the masonry! So we had to rebuild the kiln to be able to produce more quicklime! Over the last few months a team of professional, Norwegian masons and local volunteers, 15 people altogether, has undertaken the task: Just a little more work to be done, and soon we’ll have two(!) limekilns, one big and one small – for producing “historic” quicklime in the years to come. For restoring old stone buildings.

Below, you will find a report of the rebuilding, written in Norwegian. Use Google Translate if you are not familiar with the language. The report is written by me and was first published on the website of Millstone Park (kvernsteinsparken.no) a couple of days ago. I work part-time as an Associate Professor for Millstone Park and I am project leader and responsible for building, rebuilding and running the limekiln. Great combination of craft and theory, experimental archaeology! But I’m also involved, privately and through my company, Archaeology & Conservation Services, as a local volunteer. Building and running a historic limekiln is a very big task, many months of work for many people! And though the Norwegian Directorate for Cultural Heritage is a generous sponsor of the project, voluntary work is indispensable. Thank you all! And here’s the report, with many videos and photos:

Siste veka i juni bygde vi om kalkomnen i Kvernsteinsparken. Eit nasjonalt symposium om praktisk handverk støtta av Riksantikvaren. Vi hadde med oss 7 av dei beste fagfolka i Noreg og 8+ av dei beste dugnadsarbeidarane i landet, flotte folk frå Hyllestad. Kalkomnen vart bygd i 2017, men etter ei brenning vart han så skada av den høge varmen at han måtte byggjast om. No får vi brennkammer i eldfast kleberstein mura med eldfast leiremørtel. No skal omnen tole mange brenningar i framtida. Brenningar for å produsere brentkalk til restaurering av Noregs gamle steinbygningar – og til å kalke fjøsen!

*

Den tradisjonelle, «mellomalderske» kalkomnen i Kvernsteinsparken er allereie vidgjeten i Noreg og internasjonalt. Etter at han vart bygd i 2017, har han produsert brentkalk til mørtel som no vert testa for restaurering på Stavanger domkyrkje, Selja kloster, Halsnøy kloster og Fredriksberg festning i Bergen. Og kalken vert brukt til slemming for å desinfisere fjøs. Riksantikvaren er solid støttespelar i prosjektet!

Lesking av kalk under brenninga i 2017: Oddvin Kverhellen i aksjon.

Ein omn til å stole på

Om vi skal kunne levere brentkalk i åra som kjem, så må vi ha ein omn vi kan stole på! Som ikkje vert sterkt skada når vi brenn på 1000 grader i fleire dagar. Vi bygde omnen i lokal gneis i 2017. Og vi brukte andre lokale materialar. Målet var å lage ein omn som i mellomalderen. Eksperimentell arkeologi. Vi visste at gneis ikkje tol sterk varme over lang tid. Men at han skulle vere så dårleg! Vi måtte berre demontere delar av omnen!

Demontering av delar av kalkomnen for å lage ein ny og betre omn!

Kalkomnen er delvis demontert og klar for ombygging!

Kalkomnen er delvis demontert og klar for ombygging! Treflisane og steinane markerar storleiken på brennkammeret som skal byggast.

Så laga vi oss eit nytt prosjekt, og fekk igjen stor støtte frå Riksantikvaren. Vi skaffa oss 8,7 tonn tilskoren kleberstein frå Otta i Gudbrandsdalen, eitt tonn eldfast blåleire frå Vårdal i Askvoll og to kubikkmeter muresand frå Loneland i Fjaler. Og fleire kubikkmeter gråstein/murestein til det ytre av restaureringa av omnen. Den steinen fekk vi frå Hyllestad kommune. Takk! Og så hadde vi eitt tonn brentkalk frå eigen brenning i kalkomnen vår i juni 2017.

50 tonn materialar!

Det er uhorvelege mengder materiale som trengst! Totalt omlag 15 tonn berre til ei ombygging. I tillegg til 30 tonn stein og pukk til den opphavelege bygginga av omnen. 40-50 tonn totalt. Ein liten omn i mellomaldersk målestokk. Tenk deg at du må handtere 50 tonn med armane dine. Det gjorde vi. Men vi hadde litt hjelp frå traktorar og gravemaskinar. Det hadde dei ikkje i mellomalderen.

Byggefest i Kvernsteinsparken! Nasjonalt seminar for ombygging av kalkomnen (i bakgrunnnen).

Byggjefest i Kvernsteinsparken! Nasjonalt seminar for ombygging av kalkomnen (i bakgrunnnen).

Inntrykk frå ein byggjefest!

Så inviterte vi dei beste restaureringsmurarane i Noreg til byggjefest. For å byggje om omnen. Praktisk muring i festleg lag. Nett som vi har tradisjon for med utforskinga av kvernsteinsbrota i Hyllestad. Fagfolk og lokal innsats. Så vi inviterte og lokale dugnadsfolk for å hjelpe til. Resultat: Dei beste fagfolka i Noreg og dei beste dugnadsfolka i landet. 15 folk totalt, jamt fordelt. Det er ikkje lett med dugnad i dag; pensjonistane dreg lasset. Men ungdomen Jakob Solheim ville vere med. Og han gjorde stor jobb!

Skisser for ombygging av omnen.

Skisser for ombygging av omnen. Dei vart fylgd sånn cirka…

Prinsipp for ombygginga

Skissene over gjev eit inntrykk av korleis omnen vart tenkt bygd om. Med ein del unntak fylgde vi skissene. Mellom anna auka vi opninga på brennkammeret med om lag 10 cm i høgda. Prinsippet for ombygginga var å «fore» omnen med tilskorne blokkar i eldfast kleberstein fuga med leire utblanda med fin (0-2 mm) sand, i forholdet 1:3. Mellomrommet mellom foringa og murverket i den gamle omnen vart fylt med leiremørtel utblanda med grøvre sand (0-5 mm), også i forholdet 1:3. Her la vi også i større steinar for å spare på mørtel og gjere murverket sterkare. Vi la inn bindarar av kleberstein for å ytterlegare forsterke murverket.

Chris Pennock frå Nidarosdomens restaureringsverkstad var ansvarleg for ombygginga av kalkomnen.

Chris Pennock frå Nidarosdomens restaureringsverkstad var ansvarleg for ombygginga av kalkomnen.

Inntrykk frå ombygginga. Chris Pennock på fløyte. Irske toner…

Chris Pennock og Terje Berner, nestorane i norsk restaureringsmuring, byggjar kalkomn!

Chris Pennock og Terje Berner, to av nestorane i norsk restaureringsmuring, byggjar kalkomn!

Bygging på dugnad etter at dei nasjonale kapasitetane er reist: Kjell Magnar Myklebust i aksjon. Det vert bra!

Bygging på dugnad etter at dei nasjonale kapasitetane er reist: Kjell Magnar Myklebust i aksjon. Det vert bra!

Når heile omnen er ferdig kan han brenne 1,2 kubikkmeter kalkstein/marmor i slengen, det vil seie om lag 2 tonn. Det er nok til et nokså stort restaureringsprosjekt. Om det visar seg i framtida at folk er interesserte i å brenne mykje kalkstein/marmor i omnen vår, så er han konstruert til å kunne byggjast høgare. Vi kan i framtida auke høgda på omnen slik at han tek opp til 2-2,5 kubikkmeter. Det vil seie opp til 5 tonn kalkstein/marmor. Då kan han nyttast til å restaurere ei lita mellomalderkyrke. I ei brenning.

Terje Berner skjer kleberstein på gamlemåten!

Terje Berner skjer kleberstein på gamlemåten! Men vi hadde og eit par vinkelsliparar til å gjere jobben…

Handverket

Vi måtte skjere mykje kleberstein for å få han tilpassa omnen, spesielt for dei fine opningsbogane. Noko av den mjuke steinen vart skoren manuelt med stikksager og svansar, men det tek mykje tid. Så vi nytta også vinkelslipar når vi verkeleg måtte produsere! Det same gjeld mørtelblanding. Noko vart gjort manuelt med spade. Men vi fekk etter kvart ein mørtelblandar som gjorde arbeidet mykje lettare. Vi skulle gjerne ha arbeidd heile tida som i mellomalderen, heilt manuelt. Tida i dag strekk ikkje til. Men i prosjektet har vi vist at det er mogleg å byggje ein gammaldags omn ved å kun nytte lokale materialar og manuelle teknikkar/verktyg.

Vi måtte hogge ein del kleberstein. Ann, Terje og Chris. For ein lyd – av steinhogging!

Blanding av hotmix, lesking av kalk i sand på plassen. Vert god mørtel for ombygginga av kalkovnen. Det er hett! Lesking av kalk gjer stor varme. George Murhy og Bjørn Idland frå Stavanger i aksjon.

Hotmix, lesking av hyllestadkalk i sand, i trillebåra! Vert god mørtel for ombygginga av kalkovnen. Det er hett! Lesking av kalk gjev stor varme. George Murhy og Bjørn Idland frå Stavanger i aksjon.

Hotmix. George Murphy i aksjon. Sånn blanda ein mørtel i mellomalderen (minus trillebåra…).

Vi blanda mye mørtel manuelt. Men så fekk vi ein blandar frå Kjell Magnar Myklebust. Då gjekk arbeidet fortare! Ungdommen vår, Jakob Solheim, i aksjon. Her blandast leiremørtel for omnen.

Gråsteinmuring

Så måtte vi bygge opp delar av det ytre gråsteinsmurverket som hadde vorte demontert før ombygginga. Dette gjorde vi med utvald gråstein fuga med vår eigen kalkmørtel: Vi leska (oppat og oppatt!) vår eigen brente Hyllestadkalk frå 2017 i ei trillebår saman med sand (0-5 mm) i forholdet 1:3. Slik tillaging av mørtel vert kalla «hotmix» (norsk: «mørtellesking) og det gjev ein ferdig mørtel som er «feit» (og heit!), med mykje kalk (ca. 1:2, leska kalk:sand) – nett som i mellomalderen. Vi blanda alle mørtlar, også leiremørtlar, med lite vatn. Då vert dei sterkare og sprekk ikkje opp.

Muring av gråsteinmurverk med Hyllestadkalk - over bogane i kleberstein.

Muring av gråsteinmurverk med Hyllestadkalk – over bogane i kleberstein. Ein fin, bruleg mørtel i gråsteinmurverket!

Nasjonal testomn

Dei delar av omnen som ikkje vart demonterte fuga vi opp og reparerte med ulike, tradisjonelle kalkmørtlar. Deltakarane på symposiet hadde med seg sine eigne brentkalkar (frå Hamar, Langøya i Oslofjorden, Hølonda og Verdal i Trøndelag). Dei nytta vi til å lage testfeltar på kalkomnen. Hyllestadkalk er også blant testfeltane.

Bjørn Idland frå Stavanger murar med kalkmørtel på kalkomnen i Hyllestad.

Bjørn Idland frå Stavanger murar med kalkmørtel på kalkomnen i Hyllestad.

Så no er faktisk kalkomnen eit nasjonalt prosjekt for prøving av ulike typar kalkmørtlar. For ver og vind i åra som kjem. Det kjem restaurering i Noreg til gode i framtida! Ei lita tevling: Kven har den beste kalken for restaurering av steinbygningar i Noreg?

Pionerar i gammalt handverk

Kalkomnen i Hyllestad er den fyrste tradisjonelle, steinbygde omnen for å brenne kalk sidan slutten av 1800-talet i Noreg. Ein omn som er bygd etter korleis vi trur dei bygde kalkomnar i mellomalderen. Omnen har vorte førebilete for bygging av nye steinbygde omnar: På Agatunet i Hardanger har dei nyss reist ein kalkomn etter dei same prinsippa, med hjelp av over nemde Chris Pennock. Gode råd frå Hyllestad, og vi får dermed gode råd frå Agatunet! Slik byggjer vi opp att eit tapt handverk i landet. Omnen på Agatunet er betre enn omnen vår før ombygginga. Vi lærte, og nytta nokre av prinsippa frå Agatunomnen ved ombygginga.

Men mykje har med tilgong på lokale materialar å gjere. I Hardanger har dei god stein til bygging og brenning. Det gjorde at omnen og brentkalken på Agatunet vart god! I Hyllestad har vi ikkje noko slikt. Vi har ein sprukken marmor som gjev framifrå kalk, men ingen byggjestein som ein kan byggje ein god omn av.

Difor måtte vi «importere» kleberstein frå Otta til å lage oss ein omn som kan tole mange brenningar og verte ein stad for festleg lag i mange år frametter! Kleberstein vart ikkje nytta til å byggje kalkomnar i gamle dagar. Men han vart nytta som eldfast stein til å bygge masomnar for å framstille jarn. Og alle veit at kleber er ein stein for omnar: Eldfast – og så held han på varmen lenge.

Dokumentasjon 1: Slik ser kalkomnen ut på forsida. Fine boger!

Dokumentasjon 1: Slik ser kalkomnen vår ut på forsida. Fine boger!

Dokumentasjon 2: Slik ser kalkomen vår ut ovanfrå. På dei skråttstilte flatane skal kvelven til brennkammeret byggjast før kvar brenning.

Dokumentasjon 2: Slik ser kalkomen vår ut ovanfrå. På dei skråttstilte flatane skal kvelven til brennkammeret byggjast før kvar brenning.

Dugnad

Det er fest å byggje kalkomn! Det er fest å brenne kalk i ein gammaldags omn. Det er ikkje mogleg i dag og byggje og brenne på tradisjonelt vis utan fest og stor dugnadsinnsats. Kalkomnen i Kvernsteinsparken har til no trylla fram 3000 dugnadstimar sidan januar 2017. Vi får kalle oss pionerar i ein ny æra for tradisjonell kalkbrenning i Noreg. Vi vonar at det kjem dei gamle steinbygningane våre til gode. Tradisjonell kalk er betre enn industrikalk. Så kjem det også kalking av fjøsen til gode. Mykje tydar på at tradisjonell kalk er betre enn moderne ferdigprodukt for den årlege målinga og desinfiseringa…

Mål, om nokre år: Merkevara Hyllestadkalk.

Og mens vi bygde kom Anders Lorentzen med meir ved! Den er frå Kvernsteinsparken og skal brukast til kalkbrenning når han vert turr nok.

Og mens vi bygde omn kom Anders Lorentzen med meir ved! Den er frå hogging i Kvernsteinsparken og skal brukast til kalkbrenning når han vert turr nok. Takk Anders!

Etterord

Omnen vart ikkje heilt ferdig under handverksymposiet. Nå strevar vi på for å avslutte arbeidet innan 1. september 2018. Dugnad! Og omnen treng lang tid for å turke. Vi vonar at fyrste brenning vert på våren 2019.

Vi fekk hjelp av ein god murar frå Syria, Abdulrahaman Rogava, som er busett i Hyllestad.

Vi fekk hjelp av ein god murar frå Syria, Abdulrahaman Rogava, som er busett i Hyllestad.

«Miniomn»

Under symposiet bygde vi også ein liten omn ved sidan av «storommen». Ansvarleg for arbeidet var Tore Granmo frå Hamar. Omnen er bygd med eldfast stein og kleberstein, og so er han no kledd utvendig med gammal vraktegl frå Vårdal teglverk i Holmedal/Askvoll. Alt er mura med leiremørtel, men omnen vert no kalka med fleire lag for å kunne tole det normalt fuktige verlaget i Hyllestad. Omnen skal brukast til å teste brenning av små mengder kalkstein/marmor. Han vil ha kort brenntid, kanskje om lag 12-18 timar. Han kan brukast av alle som vil brenne kalk!

Tore Granmo frå Hamar og Jakob Solheim frå Hyllestad murar innmaten til miniomnen.

Tore Granmo frå Hamar og Jakob Solheim frå Hyllestad murar innmaten til miniomnen.

Miniomnen er ferdig- Kledd med vraktegl frå Vårdal teglverk og murt i leiremørtel.

Miniomnen er ferdig- Kledd med vraktegl frå Vårdal teglverk og murt i leiremørtel.

Miniomnen er kalka med fyrste strok kalkmåling. For å gjere han bestandig mot ver og vind. Fleire strok kjem.

Miniomnen er kalka med fyrste strok kalkmåling. For å gjere han bestandig mot ver og vind. Fleire strok kjem.

Deltakarar

Dei nasjonale deltakararne på kalkomsfesten samla under Lihesten. På ekskursjon til den gamle kalkomnen i Smilla i Hyllestad. På kaia der brentkalk vart skipa ut frå 1890-talet og frametter. Takk til Jostein grunneigar for besøket!

Dei nasjonale deltakararne på kalkomsfesten samla under Lihesten. På ekskursjon til den gamle kalkomnen i Smilla i Hyllestad. På kaia der brentkalk vart skipa ut frå 1890-talet og frametter. Takk til Jostein grunneigar for besøket!

Dei som var med på ombygginga av kalkomnen:

  • Per Storemyr, Norsk Kvernsteinsenter (prosjekt- og byggeleiar, handverkar og altmoglegmann)

Nasjonalt inviterte:

  • Terje Berner, firma T. Berner & Co AS, Oslo (byggeleiar, steinskjerar, mørtelblandar og murar i perioden med symposium)
  • Chris Pennock, Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider, Trondheim (ansvarleg for konstruksjon og muring av innmaten til storomnen)
  • Tore Granmo, firma Murer Tore Granmo AS, Hamar (ansvarleg for konstruksjon og muring av innmaten til «miniomnen»
  • Ann Meeks, Arkeologisk Museum, Universitetet i Stavanger (AM-UiS) (ansvarleg for saging, muring og for at vi alle hadde det bra!)
  • George Murphy, AM-UiS (ansvarleg for muring av testfelt med ulike typar kalkmørtlar)
  • Bjørn Idland, AM-UiS (ansvarleg for muring av testfelt med ulike typar kalkmørtlar)
  • Kristian Reinfjord, Anno Museum, Domkirkeodden, Hamar (ansvarleg for knusing av leire til mørtel og for vitskapen!)

Lokale dugnadsfolk (nokre har jobba i tre veker – og det vert fleire veker!)

  • Kjell Magnar Myklebust (leireknusing, mørtelblanding, muring, altmoglegmann – 3 veker dugnad!)
  • Jakob Solheim (leireknusing, mørtelblanding, muring – 2 veker dugnad!)
  • Oddvin Kverhellen (leireknusing, saging kleberstein, material og verkty, henting av leire frå Vårdal)
  • Leif Akse (leireknusing, mørtelblanding, tørrmuring, og elles alt mogleg)
  • Gunnar Rønneseth (leireknusing, tørrmuring, saging av kleberstein)
  • Abdulrahaman Rogava (muring)
  • Ole Brekke (tørrmuring og hjelp til alt mogleg)
  • Torbjørn Løland (hjelp til alt mogleg!)
  • Lotta og Tarald Storemyr, Njål Meeks (leireknusing og sikting av sand for mørtelproduksjon)

Og avdelingsdirektør ved Norsk Kvernsteinsenter, Franziska Rüttimann sto for mat!

Tekst og foto: Per Storemyr

About Per Storemyr

I work with the archaeology of old stone quarries, monuments and rock art. And try to figure out how they can be preserved. For us - and those after us. For the joy of old stone!
This entry was posted in Archaeology, Marble, New projects, Norway and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.